Burettslag – eit trygt alternativ

Tekst og foto: Sunnhordland.no

Eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes fortel kvifor du bør velja burettslag

Å velja burettslag gir mange fordelar, og kan i praksis gi deg langt større fleksibilitet i forhold til økonomi og lån.


– At det i tillegg blir lagt til rette for 10 år med avdragsfrihet vil i tillegg gjera det enkelt for førstegongsetablerarar, seier Elisabeth Nonås Fylkesnes, eigedomsmeklar MNEF i Aktiv.

– Det er inga tvil om at burettslag er ei fordelaktig buform, seier Fylkesnes.

Ho er eigedomsmeklar og kjenner bustadmarknaden i regionen svært godt. No er ho klar til å selja bustadane i Vestlio på Haga.


Her er 11 ledige leilegheiter, og eigarformen vert burettslag.

Elisabeth Nonås Fylkesnes er eigedomsmeklar for Vestlio. Her føre tomta på Haga der arbeidet er i gang. Merk panoramautsikta til Stordfjellet.

– Mange er usikre på kva som er fordelane med eit burettslag framfor eit sameige. Ein er kanskje mest vane med sameige som buform, men det treng ikkje å bety at burettslag er mindre fordelaktig. Det er nemleg mange fordelar med å velja burettslag når ein skal flytta – og når ein i tillegg kan få 10 år med avdragsfrihet, er dette ein svært gunstig veg inn på bustadmarknaden for den yngste kjøpargruppa, seier ho.

I eit burettslag eig du ein andel i burettslaget, men det er burettslaget som eig sjølve eigedomen.

I eit sameige eig du din andel i heile eigedomen til sameiget, til dømes 1/12 av bygget og tomta.

FELLESUTGIFTER ER DET første mange tenker på når det gjeld burettslag, og kanskje det folk set spørsmålteikn ved. Ein fast sum som skal betalast i månaden – i tillegg til lånet?

– Det er viktig å hugsa på at i fellesutgiftene inngår mange typiske utgiftspostar som ein elles hadde bakt inn i lånet ein tek opp frå banken. Fellesgjelda dekker mellom anna kommunale avgifter og eigedomsskatt, samt kostnadar som vedlikehald, tv, internett og vaktmeistertenester.

Burettslag blir delvis finansiert gjennom innskot frå kjøparane, og delvis gjennom eit felles lån for alle andelseigarane.

– Din andel av det totale lånet som burettslaget har, inngår altså i fellesutgiftene dine. Då får ein dekka alle desse tinga. I praksis blir det ikkje dyrare enn om ein kjøper i eit sameige – faktisk blir det meir gunstig, forklarar Fylkesnes.

I Vestlio varierer fellesutgiftene mellom kr. 5200,- og kr. 8600,-, alt etter storleik på leilegheita.

– Det er viktig å understreka at ein likevel eig bustaden, og står fritt til å pussa opp og gjera endringar. Ein treng ikkje å tenka på vedlikehald som utvendig måling, snømåking og klypping av hekk. Det står burettslaget for, smiler ho.

MANGE FÅR FRIGJORT kapital med å flytta i burettslag, noko som kan gi meir fleksibilitet for allereie etablerte vaksne. Vestlio har ei attraktiv fellesgjeldordning, der dette vil vera tilfellet.

– Lat oss seia at ein eig bustad frå før. Denne er verdt tre millionar kroner, og ein ynskjer å flytta til ein leilegheit som er verdt fire millionar kroner. I burettslaget vil innskotet vera ein del lågare enn fire millionar kroner, og ein får dermed frigjort kapital. I eit sameige vil ein sjølv måtta skaffa den ekstra millionen som ein del av finansieringa. Det treng ein ikkje her, då innskotet er lågare enn totalsummen, forklarar Fylkesnes.


I felleskostnadane inngår mellom anna utvendig vedlikehald. Det gjer at du ikkje treng å tenka på verken snømåking, måling eller klypping av hekk.


Ei slik ordning vil også gagna dei yngre som skal inn på bustadmarknaden, og i Vestlio legg ein i tillegg opp til 10 år med avdragsfriheit.

– Ein treng ikkje å ta opp eit like stort personleg lån dersom ein flyttar i burettslag, noko som igjen vil gjera det enklare å kjøpa bustad.

Med attraktiv fellesgjeldordning fordeler ein kjøpesummen mellom innskot og fellesgjeld.

– Så er det viktig å understreka at fellesgjelda følger leilegheita og ikkje privatpersonen.

DET ER ODD HANSEN som står for utbygginga av Vestlio.

Startskotet for salet er allereie gått – og bygginga er i gang. Dei første bustadane er planlagt innflyttingsklare i 2. kvartal 2023.

– Vestlio er eit flott bustadprosjekt som er attraktivt for både unge i etablerarfasen og vaksne som ynskjer å flytta til noko som er enklare. Det ligg skjerma til, med umiddelbar nærleik til idrettsanlegg, turløyper, barnehage, skular og butikk.

Frå stovevindauga har du panoramautsikt over Stordfjellet, med Kattnakken som majestet mot nord. EI slik utsikt vil også by på ein eksepsjonell solgang.

– Felles for alle leilegheitene i prosjektet er gjennomgåande gode kvalitetar, moderne løysingar og smakfull innreiing.

Gode grunnar til å velja burettslag

  1. Enkel og trygg kvardag
    Burettslaget har ansvar for utvendig vedlikehald, inkludert fellesareal og bygningar.
  2. Økonomisk gunstig
    Innskot skaffar du sjølv, men fellesgjelda er eit langsiktig lån tatt opp av burettslaget.
  3. Du eig din eigen bustad
  4. Svært høg standard på bustaden
  5. Puss opp som du vil
  6. Ingen «flytteskatt»
    Du betalar ingen dokumentavgift ved kjøp av bustad i burettslag.

Se ledige boliger i Vestlio her!

Se også: