Fra store hus og hager, til flotte leiligheter
Foto og tekst: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad
Nylig laget Tysvær Bygdeblad en flott reportasje om vårt prosjekt Førreparken i Førresfjorden. Vi har tatt ut noen utdrag fra saken i dette blogginnlegget, mens hele saken kan leses i sin helhet her.
BYGG & BU: Familiane Berge og Sørensen er blitt naboar i Førreparken. Begge har flytta frå store einebustadar og hagar, til kompakte og toppmoderne leilegheiter i Førre.
– Heilt fantastisk, seier dei og me trur det så visst, for her er det blitt flott.
Familien Kari og Roger Berge var blant dei aller første til å signere kontrakt med Odd Hansen Prosjekt. Dei hadde sine idear og sitt mål, nå når dei endeleg skulle t asteget ut får eit stort hus på Skre, og flytte over kommunegrensa og til Tysvær.
– Me fekk velje først og då blei det sjølvsagt denne endeleilegheiten. Me hadde ein del ønsker, og det var ingen problem å få dei innbakt i prosjektet. I det heile så har det vore ein draum å samarbeide med Kjetil (Alvheim) og alle dei som har jobba her for Bigera. Og det var noko som me kjenner gjorde godt, for eit stor steg var det å kvitte seg med huset, smiler dei to.
– Me såg tidleg at her ville det bli fint. Det er også luftig slik at naboane ikkje kjem tett på. I tillegg har me ein liten terrassse mot nord. der kan me sitte og nyte morgonsola. Trur ein har klart å plassere desse leiligheitene perfekt med tanke på å få mest muleg lys, seier Roger Berge.
Han og Kari viser oss neste byggetrinn, leikeplassen og naboane.
– Nå har me vært ein del ute og reist etter at me overtok leilegheiten, men det som me allereie har merka oss er det gode miljøet som allereie er her. Folk snakkar saman, og det er stilt og roleg. På grunn av prisane på leilegheitane så har ein folk i alle aldrar her. Me ville til Tysvær, og dette har vist seg å vere heilt perfekt for oss. Haugesund var ikkje aktuelt, og Aksdal for dyrt. Nei, Førre blei ein skikkeleg positiv overraskelse. Manglar berre plass til bubilen vår, avsluttar familien Berge.
Familien Kari og Roger Berge var blant dei aller første til å signere kontrakt med Odd Hansen Prosjekt. Dei er svært nøgde med sin nye bustad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Frå Hamrane
Siv Sørensen budde heilt greitt på Hamrane. Men gamle hus treng vedlikehald. Ho måtte ta eit val. Valet blei Førreparken.
– Det kommer ei tid i livet for alt. Hus og hage blei vel litt i det meste laget. Var ikkje det eg ville bruke tida mi på. Likevel er det ikkje slik at det er lett å bryte opp, sjølv om eg kjenner nå at eg gjorde eit godt val. Som ein ser er det ikkje mykje som har fått vere med på lasset. det er så fine veggar her at eg syt med å sette inn den første spikaren, ler Sørensen og viser rundt i den splitter nye toetasjes leilegheita.
Kjøkken,stove og bad legg beslag på heile 1. etasje. Oppe er det soverom, bod og eit stort bad.
– Eg veit ikkje heilt korleis det ser ut hos dei andre, men det var muleg å gjere nokre grep, om ein ville. I tillegg til at eg har forandra på boda, har eg også fått litt meir skapplass på kjøkkenet, enn det som var planlagt. Eg gjekk for svart kjøkken, og det blei skikkeleg flott, seier Sørensen.
Les hele saken om familiene Sørensen og Berge i Førreparken på tysvær-bygdeblad.no her.